Mistresses - Filmdagbok

Mistresses 2008

Fire kvinner: Ei enke, ein som forfører, ei gift og ei einsam. Mistresses som utgangspunkt kan likne på ein kva som helst slags jenteserie, men er ikkje det. I staden for å bli grensesprengar på snakk om sex og sånn har denne BBC-produserte serien valt å legge seg på den alvorlege sida. Mistresses er verken humor eller såpe, det er drama og svært alvorleg. Naturlegvis legg det ingen hinder for å gi serien lyse sider, for å merke nedturane skal du ha opplevd oppturar. Skaparane av Mistresses har innsett dette.

Problema som blir tatt opp her er like innovative som kjøtkaker på eit norsk middagsbord. Det er snakk om utruskap, løgner, kjærleik og umoglege forhold. Grunnen til at dette fungerer er at personane alltid framstår som reflekterte menneske, men at ingen er perfekte. Du veit når Siobhan gjer feil og du veit når Katie bør sei stopp. Det veit dei sjølve også, men det er lettare sagt enn gjort. Her er det rom for mykje spenning i dramaet, og mykje av grunnen til at Mistresses er i live frå start til slutt.

Eit pluss er det og at personane i blant tar gjennomtenkte vedtak som ikkje berre verkar som ei enkel løysing for manusforfattarane, at dei fleste vedtaka generelt tilfører noko ekstra enn berre framdrift i handlinga. Mistresses har verkeleg treft godt her. Akkompagnert med passande musikk som heller ikkje blir for melodramatisk, og med eit stabilt mannskap av britiske skodespelarar med erfaring, gir heller ikkje produksjonen på overflata inntrykk av å vere show off.

Eg har vore raus med godorda, sanninga er at Mistresses treff der han skal treffe, for folk som er ute etter denne type drama naturlegvis.