Hopp til hovedinnhold
Plakat for Mord i Sogn (2026)

Mord i Sogn

Serie
3

Fire episodar utgjer TV 2-serien Mord i Sogn. Ein lettfatteleg krim med nok dosar komedie.

Sogn er ein oppdikta stad basert på fleire stader i den geografiske regionen Sogn, som del av det tidlegare fylket Sogn og Fjordane, no Vestland.

Sidan eg opphavleg er frå ein stad i Sogn, så var det trekkplasteret for meg til å velje ut denne serien som ein påskekrim å sjå i 2026.

Som krim så er dette heilt kurant. Midt på treet. Ikkje betre. Det er ikkje eit så veldig gripande mysterium. Som komedie treff det godt. Og miksen av desse to er fin og gjer Mord i Sogn til ein underhaldande serie. Når han i tillegg veit å ikkje hale ut tida så er det topp.

Det er ikkje berre eg som finn meir å glede meg over i stemninga enn i sjølve mysteriet. Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no) likar bygdesjarmen og dei godt spela rollefigurane, men meiner løysinga blir for lett å gjennomskode mot slutten. Han skulle gjerne hatt ein meir intrikat krim. Det passar godt med mi oppleving av ein serie som er heilt kurant som mordmysterium, men som vinn mykje på miljøet og den lette tonen.