
Mozart in the Jungle
Mozart in the Jungle er noko utanom det vanlege. Som med seriar flest er det i detaljane på overflata, for grunnelementa i fiksjon som dette er sjeldan revolusjonerande.
Men det er altså ein frisk og tøff serie med eit orkester, ein dirigent og klassisk musikk som kjerna til serien. Flust av gjesteframsyning frå, og referansar til, denne kulturelle seksjonen. Gjort på ein sjølvsagt måte. Litt som Entourage gjorde med Hollywood.
Utan vidare kjennskap til om formidlinga av miljøet i serien er korrekt, så er det iallfall godt laga fiksjon. Eg får inntrykk av at den solide gjengen som står bak serien har peiling, og har ausa på med detaljar for å skape ei rik verd rundt karakterane.
Det som også er viktig, og som er utført rett her, er karakterane. Samhandlinga mellom alle byr på akkurat passe med humor, drama og intrigar. Dei er godt skrive, og fleire som dukkar opp undervegs slår umiddelbart an og er personar eg vil sjå att. Noko eg opplever at eg får i løpet av den andre sesongen til serien. Fullt klar over klisjeen vil eg sei at me kjem godt under huda på dei sentrale karakterane.
Karakterane er også kjernen i Leah Rocke si begeistring på Insert title here (no, seriously) (forthejokes.wordpress.com). Ho meiner at andre sesong blir sterkare fordi konfliktane spring ut av menneska og den særmerkte orkesterverda. Samstundes finn ho nokre svake sidehistorier. Eg likar nettopp kor rikt miljøet er, og kor mykje humor og drama som kjem ut av samspelet mellom personane.
Tredje sesong er vanskelegare å plassere på kartet. Han er litt lausare i snippen når det kjem til å ha ein raud tråd. Å sjå han samanhengande fungerte, men eg er redd kvar episode for seg ikkje er av god nok kvalitet.
Som rutinert sjåar av seriar har eg etter kvart mange kategoriar å plassere det eg ser i. Langsiktige seriar som eg stor sett ser ein episode om gangen av. Meir overflatiske seriar å fråtse i. Gode, men litt langsame seriar. Mozart in the Jungle er i den flotte kategorien for seriar som har substans, og som gjer meg hekta. Noko
