
Mr. Bean
15 episodar av Mr. Bean gjekk mellom 1990 og 1995. Ikkje som ein samanhengande serie, men på litt tilfeldige og godt fordelte dagar på tvers av desse åra.
Episodane består av fleire mindre handlingar, gjerne to eller tre, som lar Mr. Bean (Rowan Atkinson) takle vanlege eller daglegdagse situasjonar på sin særeigne måte. Enten som naiv og uforståeleg, eller som utspekulert.
Dette spennet mellom idioti og utnyttar gjer karakteren hans uføreseieleg, og det igjen er eit veldig bra utgangspunkt for humor. Eg har spesielt sansen for når ein film eller serie tar ting på kornet eller overraskar, og det gjer Mr. Bean.
Det er eit godt komisk grep å gjere ei enkel oppgåve unødvendig innvikla. Adam Beckwith på Adam’s Nostalgic Memories (adamnostalgia.wordpress.com) rosar korleis Rowan Atkinson brukar kroppsspråket til å finne løysingar som verkar logiske for Mr. Bean og merkelege for alle andre. Eg likar nettopp denne forskjellen i perspektiv. Han er ikkje berre dum, men kan vere svært oppfinnsam på måtar som gjer det vanskeleg å vite kvar neste vits kjem frå.
Sjølv om eg har sett det meste av dette før, om enn ikkje i samanheng, noko som heller ikkje er nødvendig, så er det framleis stor underhaldning. Og eg ler godt av omtrent alle episodane, som er akkurat det eg ønsker å oppnå med ein komiserie.
