Mr. Bean: The Animated Series er den animerte versjonen av Mr. Bean. Teiknefilmformatet opnar dørene for meir ekstreme situasjonar, og Mr. Bean er den same sprø karakteren som alltid.
Men det blir ikkje så spissfindig som den menneskelege utgåva. Ettersom eg er mest kjent med han, så blir det til at den teikna varianten manglar koplinga til det ekte som gjer det absurde i Mr. Bean både hysterisk og litt skremmande.
Episodane er korte og på elleve minuttar kvar, og eg har sett dei som svarar til dei første to sesongane av serien.