Hopp til hovedinnhold
Plakat for My Family (2000)

My Family

Serie
3

Ein av favorittseriane mine frå Storbritannia, om ein litt rar tannlege og den litt rare familien hans. Dei strevar alltid etter å fungere normalt, med ein smart son, ein dum son og ei manipulerande dotter, og kona som er grufull til å lage mat. Også må eg nemne, at alle ungane er ute etter å presse faren for pengar når sjansen skulle by seg. Yngstemann bryr seg heller ikkje alltid om å spørje før han handlar.

Det er ikkje så lett å forklare kva som er bra med serien, så han må gjerne opplevast. Slik som med Arrested Development, og mange andre suksessrike situasjonskomediar er det ein kombinasjon av originale folk og vitsar som gjer utslaget.

Eit par småting på slutten. Det verkar som My Family bruker mindre latterboks enn vanleg, likevel om det er der. Og sesongane er rimeleg korte, noko som gjer at dei fleste går fort unna.

My Family er meste ein familiesituasjonskomedie, og blir både for mild og tåpeleg innimellom til at det totalt sett kan bli ein klassikar for min del. Men som ein lett serie å følge med på når tida strekk til, så går han seg fort til.

Det velkjende kan vere ein kvalitet i seg sjølv, meiner Laurence Marcus på Television Heaven (televisionheaven.co.uk). Han framhevar korleis familien held fast ved dei same motsetningane, medan skodespelarane gir nok varme til at kranglinga ikkje berre blir sur. Det er ei god forklaring på kvifor serien går seg til så lett. Eg treng ikkje at kvar episode finn opp noko nytt når dei rare personane framleis gir meg lyst til å stikke innom.