My Name Is Earl - Filmdagbok

My Name Is Earl 2005

My Name Is Earl var ein av dei få seriane eg i 2006 såg fram til å sjå før serien var starta å gå. Som regel pleidde eg å sjekke ut ein serie før eg tenkte stort om han. Grunnen til at eg så fram til denne komedien var at Jason Lee skulle spele hovudrolla. Og at Ethan Suplee var med på laget. Og at det var ein komedie on location utanfor ein storby, som ikkje hovudsakleg handla om kjærleik eller forhold.

Etter å ha sett piloten, var vonene mine innfridd. Og det gode inntrykket mitt var på plass heile første sesong. Trass i enkel humor, som av og til kan bli litt for enkel til og med for meg, så held serien ein god standard. I blant overraska han med historier som er tvers igjennom idiotiske, men enn så geniale.

Skodespelarane har eg ingenting å sei på. Jaime Pressly er ikkje den dyktigaste, men passar godt som blond, dum, sta og veldig pen redneck. Jason Lee og Ethan Suplee har tydeleg erfaring frå større filmar, og passar ganske godt som brør. Og det er heller ikkje vanskeleg å legge merke til at dei har det morosamt å spele i rollene sine, noko som gir meg eit godt inntrykk.

Med lista til Earl, som inneheld stort sett det meste av gale han har gjort og som han prøver å rette på igjen, hadde serien potensiale for å halde på ei stund. Så sant publikum hadde interesse, og sjåartala blei til inntening.

Det flotte er at lista hans ikkje blir følgd slavisk med eit punkt per episode. Det varierer i korleis problema blir konfrontert, og kor mange feil han prøver å rette opp om gangen. Av og til møter problema på han, og det kan hende han kjem på ting undervegs. Variasjonen her bidrar til å halde serien frisk, noko variasjonen av korleis rollefigurane blir presentert for oss gjer.

Utover i andre sesong mista eg litt av interessa likevel. Det blei for mykje repetisjon, og eg gløymte rett og slett serien inntil i år, fem år etter. Då hasta eg gjennom resten, som eg med ferske auge ser på som ein heilt kurant komedie, men ikkje meir.