
Narcos
Netflix si filmatisering av ei historie basert på livet til narkotikasmuglaren Pablo Escobar er ei valdeleg og eksotisk framstilling. Me har her med ein av dei farlegaste mennene i verda å gjere, og får i løpet av serien sett korleis åra såg ut i Colombia frå hans tidlege dagar av og framover. Både frå utsida og innsida.
Serien baserer seg altså på livet til ein ekte person, men er til sjuande og sist forma og fortalt som fiksjon. Dette er problematisk om du prøver å få noko sannferdig ut av serien, men uproblematisk om du ønsker underhaldning. Eg tykker det er uproblematisk.
Eg prøver å finne ut om serien vil formidle eit overordna poeng, men ser ikkje at han oppnår dette. Her er det ingen heltar, berre skurkar og folk som handlar feil. Nokon er opplagte skurkar, andre utfører simpelt hen skadelege handlingar i mindre grad.
Den moralske gråsona er noko Steven Kellow set pris på i teksten på The Kellow Miscellany (blog.stevenkellow.com). I omtalen av første sesong meiner han at serien gjer det vanskeleg å vite kven me skal heie på, fordi begge sider kan vekke både sympati og motvilje. Han rosar også Wagner Moura og framdrifta. Eg finn heller ingen klare heltar, men det hindrar ikkje at miljøet og kriminalhistoria blir engasjerande underhaldning.
Men som eg var inne på i første avsnitt, så er dette eksotisk. Både i form av Colombia som miljøet til handlinga, og i karakterar og historie. Og at eg sjeldan har sett noko som går så djupt inn i forteljinga om kriminalitet i Sør-Amerika på velprodusert vis. Det blir difor ekstra interessant for meg som til vanleg har sett mest på amerikanske seriar som går føre seg i USA.
