Kortlevd britisk komiserie frå 2005 om tull og ingenting sakleg, men likevel så bra at det er ein serie som er verdt å sjekke ut.
Inntrykket mitt er at folka bak serien har fått lov til å skrive inn alle dei sjuke ideane sine i ein og same serie, og har fått det til å fungerer. Nathan Barley er hovudpersonen og driv ei populær nettside ved namnet Trashbat.co.ck, der han legg ut filma spøkar og interaktive spel. Dette er utgangspunktet, men serien er ingen Jackass-kopi, det er heller ein serie der folk går rundt og oppfører seg som idiotar eller blir trakassert av idiotar.
Gjennomføringa av serien er utruleg stilig, med sprø musikk og eit godt blikk for detaljar på dei fleste nivå. No føler eg at det berre blir rot det eg skriv, men tingen er at Nathan Barley er ein serie som må opplevast. Eller som må forklarast av nokon andre enn meg.