Hopp til hovedinnhold
Plakat for Neste sommer (2014)

Neste sommer

Serie
3

Neste sommer er ein enkel og fornøyeleg komiserie om hytte og sommar. Serien dreiar seg om eit par som har arva hytta til dama sine foreldre. Hennar bror har nabohytta. I kvar episodar dukkar det opp nye ansikt og historiar, gjerne flaue eller forviklande. Og slik held serien på. Det er lett og fin humor. Ikkje for flau og passe gjenkjennelege situasjonar.

Den forsiktige humoren fungerer ikkje like godt for Reidar Spigseth på Dagsavisen (dagsavisen.no). I omtalen frå premieren meiner han at moglege konfliktar blir løyste før dei rekk å bli særleg morosame, og at produktplasseringa tek for stor plass. Eg skjønar innvendinga mot dei små utfordringane, men for meg er nettopp dei milde og gjenkjennelege situasjonane mykje av sjarmen.