I mi jakt etter gode britiske komediar kom eg over denne. Laga av, og med Julia Davis i hovudrolla. Så det er sagt med ein gong, så har hennar stil som komikar aldri vore ein favoritt hjå meg, men eg gav likevel serien ein sjanse.
For meg er ikkje dette god komedie. Det handlar om ein narsissist, som øydelegg for seg sjølv ved å øydelegga for dei rundt seg. Serien handlar på sett og vis om å bryte ned andre, og skal få dette til å vere morosamt. Det er det ikkje.
Eg gav også serien ein ny sjanse ved å sette i gang med andre sesong, men han leverer akkurat det same frå start til slutt. Inga anbefaling frå meg. Styr unna.