
Nissene på låven
Nissene på låven er julekalenderen til TVNorge frå 2001, og kanskje ein av dei artigare og betre julekalendrane laga for norsk tv.
Serien kom ut då den moderne realityserien som konsept ikkje var så gammal, og er ein parodi på denne sjangeren. Ei gruppe menneske er på ein låve og skal gjere nissete ting. Kvar episode blir ein person stemt ut, og igjen skal den beste nissen stå. Eg avslører like greit at den verste av dei er igjen til slutt, som er nissen spelt av Atle Antonsen som blir stemt ut i fleirtalet av episodane.
Dette er ein gøy serie med fleire artige norske komikarar, og er også fin å sjå igjen fleire år etter, som er det eg har gjort no.
Gjensynet held også svært godt for Pål Frostad på Filmkikk (filmkikk.no). Han meiner deltakarane og replikkane treff realitysjangeren presist, og at dei mange små detaljane gjer serien morosam fleire gonger. Det er meir enn berre gleda over å kjenne igjen ein tv-trend frå den gongen. Typane er så tydelege, og møta mellom dei så godt laga, at konkurransen framleis gir rikeleg med komikk.
