Hopp til hovedinnhold
Plakat for No Heroics (2008)

No Heroics

Serie
3

No Heroics er ein britisk komiserie på korte seks episodar, om ein gjeng superheltar i eit moderne London kor superheltar er kvardagsleg.

Dette betyr at dei har same problem som alle andre, og utfører mange daglegdagse gjeremål. Dei må betale spesielle skattar for å vere superheltar, dei hjelp folk med å bere matvarer. Alt saman blir utført i klassiske superheltekostymer.

Det har sin sjarm å sjå korleis livet til en superhelt kunne ha vore, men forbi det innleiande komiske momentet med dette poenget, så dabbar det heile av litt. At det vart med ein sesong er difor like greit.

Rob Buckley på The Medium Is Not Enough (the-medium-is-not-enough.com) finn nokre gode situasjonar i opningsepisoden, men meiner hovudpersonen liknar for mykje på den vanlege mislukka mannen frå andre britiske komiseriar. Superheltvrien gjer han ikkje automatisk meir interessant. Det ligg nær problemet eg får over dei seks episodane. Den første gleda ved kostyma og kvardagslivet må få noko meir å leve på etter kvart.