Hopp til hovedinnhold
Plakat for Nobody Wants This (2024)

Nobody Wants This

Serie
4

Nobody Wants This er ein serie frå 2024 med Adam Brody og Kristen Bell. Han byrjar som ein litt overfladisk serie, men bevegar seg stadig djupare inn i materien etter kvart. Adam Brody spelar ein rabbi, Kristen Bell spelar ei ikkje-truande, og det blir søt musikk mellom dei to.

Han er litt for på av og til, og vanskeleg å seie om det er meininga at det skal bli for mykje eller at han skal vere interessert.

Serien byr på mange god samtalar og eg blir oppslukt av desse. Hadde alt rundt også vore så bra skrive og formidla, så hadde dette vore fantastisk.

Samtalane og kjemien får òg ros frå Judy Berman på Time (time.com). Ho meiner Kristen Bell og Adam Brody gjer serien lett å like, men at miljøet rundt dei blir prega av stereotype framstillingar og kunstige hindringar. Det ligg nær skiljet eg merkar. Når dei to får snakke saman, blir eg oppslukt. Når historia skal skape nye problem rundt forholdet, er ikkje alt like godt skrive.