
Norges tøffeste
Norges tøffeste er ein konkurranseserie på NRK, kor ein gjeng unge menneske skal kjempe i fysisk og psykisk krevjande konkurransar. Han som står att til slutt blir kåra til å vere Noregs tøffaste.
Dette er ein intensiv serie som er god på å spegle dei harde kåra rundt konkurransane. Samtidig var det, iallfall i tredje sesong som eg såg, likandes personar å følge. Opphaldet verkar ikkje å vere lenge, men eg kan likevel sjå ei forandring i haldninga dei har frå dei kjem inn til dei forlet serien. Sannsynlegvis hjulpe av redigeringen i ettertid, men likevel eit interessant tillegg til dei fysiske øvingane.
Det å vere tøff treng ikkje å stenge ute omtanke. I ein kommentar om 2025-sesongen skriv Heidi Bøhagen på Nettavisen (nettavisen.no) at vennskapen og omsorga mellom deltakarane engasjerer henne mest. Ho har sett ein annan sesong enn den tredje, som eg omtalar her, men perspektivet er interessant. Det menneskelege rundt konkurransane kan seie noko om tøffskap som dei fysiske resultata åleine ikkje viser.
Ein god serie med tanke på konkurransane. Elles heilt grei med tanke på fyllet i mellom konkurransane.
