- Filmdagbok

Norges tøffeste

Norges tøffeste er ein konkurranseserie på NRK, kor ei gjeng unge menneske skal kjempe i fysisk og psykisk krevjande konkurransar. Han som står att til slutt blir kåra til å vere Noregs tøffaste.

Dette er ein intensiv serie som er god på å spegle dei harde kåra rundt konkurransane. Samtidig var det, iallfall i tredje sesong som eg såg, likandes personar å følgje. Opphaldet verkar ikkje å vere lenge, men eg kan likevel sjå ei forandring i haldninga dei har frå dei kjem inn til dei forlet serien. Sannsynlegvis hjulpe av redigeringen i ettertid, men likevel eit interessant tillegg til dei fysiske øvingane.

Ein god serie med tanke på konkurransane. Elles heilt grei med tanke på fyllet i mellom konkurransane.

#NRK