
Norsk-ish
Norsk-ish er ein norsk dramaserie frå NRK om hovudsakleg tre unge vaksne med beina innanfor i fleire kulturar. Nokon prøver å vere seg sjølv, og samtidig ta hensyn til foreldrene. Mens å ha kjæraste med annan kulturell bakgrunn kan vere vanskeleg for ein annan.
Problema står i kø her. Og serien som foreløpig er åtte episodar lang er god på å sette søkelyset på dei mange situasjonane, både enkle og meir kompliserte. I botnen er dette godt skrive drama, og på overflata er det eit innblikk i moglege kvardagar.
Dei mange situasjonane er både ein styrke og ei mogleg svakheit. Tore Andre Øyås meiner på Filmkikk (filmkikk.no) at serien har eit rikt persongalleri og ei god blanding av humor og alvor, men at nesten kvar scene kan kjennast som ei ny problemstilling. Litt meir luft kunne gjort uttrykket mindre kunstig. Eg opplever breidda som noko av det beste ved serien, men innvendinga hans er interessant nettopp fordi manus vil så mykje på så kort tid.
Første sesong tek for seg ein god del ulike tema, så eg er spent på om ein ny sesong viss han kjem, vil evne å vere like rik på nye situasjonar. Men uansett så er dette ein god serie fram til no, som du fint kan sette av litt tid til utan å angre.
