Første sesong av NRK-serien Nudes har ni episodar, der tre og tre kan bli sett på som eigne miniseriar med same tematikk. Det handlar om ungdom og bilde eller video på avvege.
Eg tykte at Nudes var spennande, sidan eg gjekk til serien utan å vite noko om han. Eg hadde ikkje fått med meg noko av det som var skrive om serien i forkant, og stod heilt blank til innhaldet. Når kvar nye hovudrolle blei introdusert i første, fjerde og sjuande episode, så visst eg ikkje om kva problem dei kom til å oppleve. Det førte til ei spenning og nesten ei ubehag, sidan eg rekna med at det var noko vondt som ville skje.
Av den grunn skal eg unngå å skrive om historiene i serien, eller kva spesifikke områder av tematikken som blir tatt opp. Men eg kan nemne at hovudpersonane er ei jente i dei første episodane, ein gut i dei tre neste, og ei jente igjen i dei tre siste. Og at dei må handtere problem som ser ut til å dukke opp ut av det blå.
Der serien både har si styrke og kanskje blir i overkant tydeleg, er på å formidle kor seriøst dette er. Ein stad reagerte eg på kor dystert alt skulle vere. Det var som om alle moglege problem absolutt skulle vere med, og stemma til serien blei for tydeleg for meg der. Det var som å sjå innhald der moralen er viktigare enn resten av produksjonen. Men heldigvis henta serien seg inn att.
NRK har sendt mange gode ungdomsseriar i løpet av dei siste åra. Nudes er ikkje så god på drama som fleire av dei andre, men er på grunn av ei kort lengde ein heilt kurant serie å sjå.