Hopp til hovedinnhold
Plakat for Nytt liv i gamle hus (2025)

Nytt liv i gamle hus

Serie
3

Tv-profilen Einar Nilsson, målar av yrke og tidlegare medverkar i Tid for hjem og Fjellhytta for å nemne eit par, er programleiar i Nytt liv i gamle hus. Han dreg rundt omkring i landet. for å sjå på par som har kjøpt gamle hus som krev mykje oppussing for å bli noko.

Innspelinga er gjort over lengre tid, så me får sjå store endringar i husa. Einar kjem med gode tips, men lærer òg mykje undervegs. Det er mykje prat om bærekraft, å ta vare på det gamle, og det blir nesten litt komisk i blant spør du meg. Men gjennom praten skin det fram at me her møter folk med stå på-vilje og som er eller blir dyktige i å pusse opp. Og det er artig å følge med på.