Plakat for Okkupert

Okkupert

Det var lett å bli rive med av Okkupert. Serien kasta oss rett inn i eit spennande og tidvis urovekkande scenario, som kjendes både nært og aktuelt. Dei første sesongane heldt eit høgt tempo, med ein kombinasjon av politisk spel og personlege drama som gjorde det vanskeleg å leggje frå seg episodane.

Etter kvart blei det derimot tydeleg at serien sleit med å halde på intensiteten. I tredje sesong mista forteljinga noko av krafta si, og særleg vart rolla til Henrik Mestad svekt på ein måte som gjorde at engasjementet dabba av. Likevel står Okkupert igjen som eit modig og tankevekkjande prosjekt som våga å leike med dagsaktuelle tema på ein måte få andre seriar har gjort.