One Tree Hill - Filmdagbok

One Tree Hill 2003

Eg har ei interesse for tenåringssåper. Seriar som The O.C. og Dawson's Creek har tidlegare gått ned på høgkant. Veronica Mars er ein stor favoritt. Buffy the Vampire Slayer scorar også høgt.

One Tree Hill er blant dei mest såpete, og når ikkje opp som nokon favoritt. Det handlar om to halvbrør på ein high school, som begge spelar basketball. Dei deler stort sett berre ein far, interesse og heimstad, men lite meir.

Dei første sesongane likte eg godt. Dette er typisk tenåringssåpe, og ei slags fornying og ein tidsrett versjon av Dawson's Creek. Grunnen til samanlikninga er ikkje basert på karakterar, men på stad og stemning.

Etter nokon sesongar byrjar derimot One Tree Hill å endre seg, og han blir til ein annan type serie. Borte blir high school, og me hoppar fleire år i tid framover til personane er godt vaksne. Med tanke på sjangeren skjer det ei endring mot familiedrama, og eg tykkjer heller ikkje det nye dramaet har den gode effekten som tenåringsdramaet har. Sjølv om også det tok hardt i mange gonger.

Utskiftinga av sentrale karakterar er også problematisk for meg. Eg får assosiasjonar til eit søkkande skip, sjølv om årsakene kan vere andre. Dette set sit preg på stemninga.

Eg brukte difor ei stund på å komme meg gjennom dei siste sesongane, mens dei første gjekk fort unna. Styrken og ulempa med denne sjangeren er at han er slitsam på kjenslene. Dei spelar på tunge stunder og gode stunder, og for mykje av dette om gangen er ikkje heilt bra. Trass i at eg etter mange år med seriar tar det mindre til meg enn før.