Paris etc var ein serie litt utanom det vanlege eg gjerne ser. Han er vanskeleg å plassere i nokon bestemt sjanger, men han mest innspel av komedie og drama. Det er derimot mindre opplagt om når han er nokon av delene. Forholdet serien har til tid og karakterutvikling gjer også at han krever litt meir merksemd enn denne sjangerblandinga vanlegvis gjer.
I løpet av 12 episodar som utgjer første sesong, følgjer me fire kvinner i ulike aldrar som held til i Paris. Dei strir alle med sitt. Som forhold til jobb, bustad, familie og menn. Det er ikkje gitt at dei er likandes personar, men dei er på sitt vis realistiske skildringar i karikert form. Måten dei blir vist fram på er med på å gi serien ei stemme. Eg får ikkje heilt taket på kva han vil sei med stemma, men det kan vere så enkelt som å vise sterke og svake kvinner med sterke og svake sider.
Eg visste ikkje heilt kva eg gjekk til med Paris etc, men er i grunn glad for at det blei ein serie litt utanom det vanlege. Han når ikkje heilt opp, og er i blant litt treg, men totalen er ein variert sak som byr på alt frå stikkande persondrama til dryg humor.