Parks and Recreation - Filmdagbok

Parks and Recreation 2009

Etter en fin episodefinale, var det på tide å løfte blikket, tenke tilbake og felle ein dom over ein serie som i fleire år har sjonglert eit skodespelargalleri med mange filmstjerner.

Parks and Recreation handlar om dei tilsette i ei kommunal avdeling som styrer med uteområde. Handlinga skjer i oppdikta Pawnee og sentrerer rundt tolkinga til Amy Poehler av ei superkvinne som er hyperaktivt engasjert i alt som er byråkratisk.

Serien lagar humor av alt frå politikken til byråkratiet og personane som er ein del av dette. To Saturday Night Live-alumni står bak serien, eit program Amy Poehler også har lang fartstid innan. Eit godt utgangspunkt for typen komedie Parks and Recreation er.

Det flotte med serien er at karakterane er morosame, og at det er lett å like dei. Det eg har minst til overs for er ikkje nødvendigvis måten lokalpolitikken blir skildra, han er om ikkje perfekt balansert, så iallfall noko balansert. Det er at det ofte er så håplaust som serien skildra på ekte.

Etter rundt tre sesongar mistar serien litt av energien. Dette opplever eg med andre seriar i blant, og dei resterande sesongane blir då sett utan den største innlevinga. For Parks and Recreation sin del trur eg at det handla om at humoren i eigenskapane til karakterane var blitt oppbrukt, og at innhaldet sånn elles ikkje fenga meg nok. Mens andre seriar kan gå i fleire år med å gjere det same opp igjen og opp igjen, så taper andre seg trass i forsøk på å fornye seg. Det handlar om format, forventingar, evna til å levere gode vitsar og replikkar, blant anna.