
Petter Stordalen – Ikke følg drømmene dine
I denne korte dokumentarserien i to delar får me eit lite innblikk i livet til Petter Stordalen. Som det blir sagt her, så får me vel vite berre det som han sjølv vil dele. Det blir påpeika korleis Stordalen gjerne tek over og endar opp med å eige det han er del i, om ikkje bokstaveleg, så iallfall presentasjonen.
Og litt slik er det kanskje med denne serien. Det er eit interessant innblikk i forretningsmannens liv, men det går ikkje så djupt. Det er ikkje nøye, for meg er mykje her som eg ikkje visste. Og det å samle trådane på det eg visste er fint.
Dette treng ikkje vere noko som skal dekonstruere Petter Stordalen for min del. Ved å følge med på kva han har gjort og skapt, så er dette ei fin motivasjonshistorie. Noko som viser kva det er mogleg å utrette.
