
PhoneShop
I ei mobilsjappe i Sutton møter me ein blanda gjeng med rare skruar. Komedien spelar seg stort sett ut i og rundt butikken, og baserer seg på snodige ting dei snodige karakterane gjer. Me blir introdusert til gjengen ved å følge ein ny tilsett og hans tilsetting. Han er i tillegg ein nerd som ikkje passar inn i miljøet.
For å hoppe rett på sak så er det beste med serien radarparet Jerwayne (Javone Prince) og Ashley (Andrew Brooke). Dei er to fyrar som er store i kjeften, følsomme og bøllete, og midt på treet intelligente. Og dei lirer av seg det verste og det beste, med den kulaste britiske dialekten eg har høyrt.
Det går altså ut på å følge ein gjeng som i grunn verkar for dum til å drive butikk, men som samtidig er gode nok seljarar til at premissen er truverdig. Ein typisk karakterdriven serie, med vekt på artig samtale.
I omtalen av opninga på tredje sesong på Time Out (timeout.com) får skodespelarane mykje av æra for at ei tynn handling blir så morosam. Denne gongen blir Tom Bennett trekt fram, i ei scene der Jerwayne og Ashley får kjenne på ein heilt annan type sjølvtillit. Eg held framleis ein knapp på radarparet, men det seier noko om styrken til gjengen rundt dei. Serien har nok personlegdom til at små situasjonar kan gi mykje komedie.
