Planet Earth - Filmdagbok

Planet Earth 2006

Eg tok eit lærerikt skippartak i dag og blei ferdig med denne britiske dokumentarserien som eg totalt har brukt fem veker på. Planet Earth er ingen dårleg serie som det er krevjande å sette seg ned med. Episodane eller heller fantastiske og prakteksempel på god naturdokumentar. Dei tar føre seg ulike delar av jorda, frå hav til skog, med fantastiske bilde av sjeldne dyr og planter som i blant har teke månader å få filma. Har du moderne utstyr kan det heile nytast i høg oppløysing, som gjer det endå meir imponerande å sjå på.

Planet Earth gjekk på NRK i 2006 ein gong, så eg merka at det var mykje som eg hadde sett før. Eit gjensyn var derimot svært gledeleg. Fleire av episodane overlappar i små porsjonar utan at det har noko å sei heller.

Ein annan ting som er kjekt med Planet Earth er kommentarstemma, som er interessant og behageleg å høyre på heile vegen. Det blir ikkje brukt samanliknar med menneskeleg aktivitet og dyra forblir dyriske i framstillinga.