Hopp til hovedinnhold
Plakat for Playing Nice (2025)

Playing Nice

Serie
3

Det som best kan oppsummere Playing Nice er følgande. Ein manipulerande mann med ei passiv kone får eit naivt ektepar til å gå på limpinnen gong etter gong.

Barna deira er det som står på spel. Etter fødsel blei barna forveksla, og først tre år seinare blei det oppdaga. Og det er tida etter oppdaginga dette handlar om. Og korleis dei som foreldre skal forhalde seg til det.

Det kunne ha vore så sårt og opprivande, men serien har det med å overdrive i kvar sving, så dette går ikkje sånn inn på meg. Eg blir litt irritert då mannen i det naive ekteparet for n-te gong blir lurt.

Ein tydeleg skurk er ikkje alltid ein interessant skurk. Paul Hirons på The Killing Times (thekillingtimestv.wordpress.com) meiner i vurderinga etter siste episode at karakteren Miles blir for todimensjonal, og at utviklinga er for tydeleg varsla. Han saknar meir om kvifor mannen handlar som han gjer. Det passar godt med mi innvending. Når manipulasjonen blir så openberr, blir eg meir oppteken av at dei andre ikkje ser det enn av det vanskelege foreldredilemmaet.

Men om du klarar å svelgje nokre logiske bristar og overdrevne karakterar, så ligg det òg ei underhaldande, britisk dramakjensle her. Godt nok for dei som likar intense tema.