Please Like Me - Filmdagbok

Please Like Me 2013

Please Like Me er ein australsk komiserie som eg byrja på i september i 2018, og såg om lag ein og ein halv sesong av då. Det var vanskeleg å komme heilt inn i den gode flyten, sjølv om humoren traff godt. Men når eg ikkje haldt fram med straumetenesta der serien var tilgjengeleg, blei framhaldet lagt på is fram til byrjinga av 2020. Reint tilfeldig såg eg at serien var å finne på Netflix.

Andre sesong blei påbyrja på nytt, og det slo meir an denne gongen. Spesielt utover i tredje og fjerde sesong nådde serien stadig nye høgder med ein god kombinasjon av drama og komedie. Eg likar det godt når ein komiserien ikkje slepp på komedien, men likevel klarar å vere alvorleg mellom linjene. I Please Like Me handlar det ein del av håplause forhold, men og om mentale lidningar. Det høyryes tungt ut, men blir handtert med ei stø han.

Josh Thomas spelar Josh, den sentrale karakteren som best kan skildrast som eit vakse barn med smaklause kommentarar. Han bur i lag med vennen Thomas, som verken giddar å verte seriøs eller tek særleg ansvar for rolla si i forholda han hamnar i med jenter. Mora og faren til Josh er skilte. Mora slit med ei bipolar liding, og er foten inn i tematikken om mentale lidingar som tek ein del plass i serien, spesielt i andre sesong. Sjølv kom Josh ut av skapet som homofil i relativt vaksen alder, og er ei stund å ansjå som ein fersking som single og datingsamanheng.

Please Like Me fungerer på mange nivå. Det som gjer at eg likar humoren, er at han er frekk og direkte, og langt i frå forsiktig. Det er lite som ikkje kan bli spøkt med. Til og med det som kanskje burde vere usmakeleg blir presentert på ein smakeleg måte. Det gir pluss i boka frå meg.