Police Squad! er laga av dei same folka som står bak The Naked Gun-filmane, Airplane! og Top Secret! Det er også av akkurat same humor, og i og for seg forløparen til The Naked Gun-filmane. Hovudpersonen i Police Squad! er Frank Drebin, spelt av Leslie Nielsen. Ei rolle han gjentok i tre filmar.
Denne serien frå 1982 består av seks episodar. Det er ein kort serie, men han er lang nok. Episodane er artige, men for min del tykkjer eg humoren her er best i små dosar. Det er bokstaveleg, og det er mykje som skjer i bakgrunnen av dei sentrale scenene som trekk merksemda vekk frå alvoret.
Dei same humoristiske poenga gjentek seg ofte på tvers av episodane. Omtrent i kvar episode spør Frank om nokon vil ha ein sigarett. Ein skopussar på gata har svaret på alt. Dette og mange andre innslag går igjen. Har du sett ein episode, så har du eigentleg sett alle. Seks episodar er soleis ei akkurat passe mengde med gjentaking.
Det er vanskeleg å rangere serien. Han ligg ein stad mellom tre og fire stjerner, men når ikkje heilt opp. Har du sansen for filmane eg nemner i innleiinga, så kan eg likevel anbefale serien til deg.