
Pørni
Pørni har vore ein hjartevarm norsk dramaseriane. Med ei god blanding av kvardagskomikk og samfunnskommentar har serien klart å vere engasjerande gjennom fem sesongar. Utan å endre seg for mykje på vegen.
Det som har bore serien er først og fremst skodespel og manus. Henriette Steenstrup si Pørni er ein karakter som aldri blir for mykje, trass i eit liv fullt av stress, dårleg tid, tenåringsbarn og utfordrande jobbar. Ho er både artig, sliten, klok og sur. På ein måte som gjer ho til eit menneske. Serien har òg vore flink til å balansere kvardagsproblem med større tema for kvar sesong, utan å tvinge inn dramatikk. Det har ofte vore relasjonane som har stått i sentrum, og spesielt Pørni sine til andre.
Balansen var på plass allereie i første sesong, slik Pål Frostad skriv på Filmkikk (filmkikk.no). Han rosar det solide manuset, Henriette Steenstrup sitt skodespel og humoren som aldri tek over for alvoret. Det er mykje av det same eg set pris på gjennom serien. Kvardagen kjennest varm og truverdig fordi karakteren Pørni får vere både omsorgsfull og sliten, utan å bli ein rein komisk figur.
Siste sesong var eit verdig punktum, om enn litt føreseieleg. Serien gav seg før han gjekk for lenge. Eg kjem til å hugse Pørni som ein god serie frå 2020-talet.
