
Post Mortem: Ingen dør i Skarnes
Post Mortem: Ingen dør i Skarnes vart ei under middels oppleving. Det byrja med ein karakter som aldri fann fotfeste. Eg fekk ikkje tak på kven ho var, kva ho skulle bli til. Så det gjorde det vanskeleg å forstå eller bry seg om kva som eigentleg sto på spel. Eg sat og lurte på kva serieskaparane ville vise fram. Serien manglar også si eiga stemme, men framstod som ei blanding av andre seriar. Enten det er meint som hyllest eller eit ønske om å oppnå same effekt.
Sjølv om det var idear her som kunne blitt noko, særleg kring brorens forsøk på å drifte gravferdsbyrå i ein liten by med merkelege tilhøve, vart det aldri utnytta på skikkeleg vis. Mykje av tida forsvann i uviktige og langstrekte scener. Politiet i serien var så keisame og passive at dei nesten virka parodiske. Men ikkje morosamt parodiske. Eit strammare manus og ryddigare regi kunne kanskje ha redda noko.
Eg forstår at særprega er ein viktig del av humoren her. Men trass i særpreg så var totalen svak. Serieformatet passa ikkje dette. Det kunne ha vore ein litt morosam miks av thriller og bygdetragedie på film. Typisk norsk sak.
Særpreget treff tydelegvis betre hjå andre. GMonsterTV (gmonster320.blogspot.com) likar dei merkelege karakterane og meiner småbyen gir vampyrhistoria ein interessant vri. Skribenten etterlyser likevel meir av karakteren Judith og reagerer på den brå avslutninga med mange ubesvarte spørsmål. Eg fekk aldri same glede av karakterane, men det er interessant at òg ein meir begeistra sjåar sit att med ei kjensle av at serien ikkje er ferdig med det han set i gang.
