Plakat for Pramface

Pramface

I Pramface blir ei middelklassejente i collegealder gravid med barnet til ein arbeidarklassegut i high school-alder. Det er eit uhell i fylla og får komiske konsekvensar som blir utforska over tre sesongar.

Det er potensielt kjensler mellom desse to, og det blir garantert knytt eit band mellom dei. Dei prøver å finne ut kva dei skal gjere ut av det å få eit barn, stort sett kvar for seg, som fører til komplikasjonar. Begge har problem med at dei brått må bli ansvarlege for eit barn. Guten går i seg sjølv for å finne ut kva han må gjere for å bli vaksen, men feigar gjerne ut.

Alt på komisk vis, då dette er ein komedie og ein britisk såleis. I tillegg er det mange artige karakterar i form av venner og ikkje minst familie. Foreldra til begge to er i grunn artigare enn ungane. For med ungane er det situasjonane som oppstår som er best.

Pramface (2012) – Filmdagbok