
Pride and Prejudice
I ei eksklusiv gruppe av topprangerte seriar har eg plassert Pride and Prejudice. Ein BBC-serie basert på romanen av Jane Austen.
Dette er det ultimate innan romantikk og drama på seriefronten. Med sine seks episodar er det akkurat passe langt, og med skodespelarar som Colin Firth og Jennifer Ehle er det kvalitet føre kamera.
Lengda får også skryt på Ladylavinia1932’s Blog (ladylavinia1932.wordpress.com). Skribenten meiner serieformatet gir plass til detaljar som lett blir forserte i ein film, og framhevar samspelet mellom Colin Firth og Jennifer Ehle. Det er lett å slutte seg til. Me får tid til å bli kjende med både temperamenta og dei små endringane mellom dei, slik at romantikken blir meir enn vegen fram mot eit venta svar.
Det er nok uansett historia som er vinnaren her. Pride and Prejudice er knallbra. Det er på sett og vist både tidlaust, men så knytt til epoken sin på enkelte sider. Dette får meg til å kunne identifisere meg med noko, og la meg oppleve anna som ukjent.
Å sette ord på ei topp oppleving er vanskelegare enn å kritisere. Det er dessverre sånn. Så i fråvære av nokon form for kritikk så håpar eg at eit lite inntrykk av kvaliteten til denne serien kjem fram.
