Psychoville er ein snodig, britisk, dyster komedie, som lykkast i å vere skikkeleg mørk og komisk. Serien er eit samarbeid mellom Reece Shearsmith og Steve Pemberton, som begge spelar fleire roller i serien.
Serien blei sendt på BBC. Han bygg opp rundt eit utval personar som lev litt her og der i England, utan å ha noko med kvarandre og gjere. Felles er at alle har ein skrue laus, og nokon av dei er verre enn andre.
Utover i serien følger me desse personane, med sine eigne historier, samtidig som dei alle får mystiske brev i posten. Med denne forhistoria har serien ein tråd som knyter personane likevel, og serien jobbar seg fram mot ei løysing etter kvart som handlinga utfoldar seg.
Psychoville er bygd opp som ein vanleg krimserie, men er likevel alt anna enn standard. Med stadige komiske eller forbløffande groteske vendingar. Det som fascinerer mest er nok likevel personane, som trass i å framstå som mentalt ustabile og til ei viss grad direkte usympatiske, er sopass ulike frå kvarandre at dei alle blir interessante. Sett bort frå første episode, tenkte eg heller lite over at Reece Shearsmith og Steve Pemberton spela fleire roller.
Ein serie kan vere både spesiell og stemningsfull, sprø og litt komisk, utan å bli tilfredsstillande fengjande. Psychoville derimot, var om ikkje det beste eg har sett, ein artig variant av kriminell komedie som eg utan problem såg meg gjennom. Du aner kanskje at det ikkje flyt av flotte ord her, og sant nok, Psychoville hadde eit par for mange stunder der det gjekk litt langsamt. Men for dei som vil ha noko utanom det vanlege, er han verdt å sjekke ut.