
Pushing Daisies
Sær hovudstraumsserie kan stå som merkelapp på Pushing Daisies, ser eg bort i frå to korte sesongar som levetid. Ein lys og lystig stil, der det fargeklare visuelle elegant blir løfta ekstra opp av det mest poetiske språket eg har sett utanfor epokedrama basert på William Shakespeare.
At det handlar om døden er berre ein av fleire trekk som gir den ledige atmosfæren i og rundt paikaféen til gjenopplivar-Ned djupne. Bryan Fuller har sansen for det komisk morbide og hentar fram heile arsenalet her. Ei kjapp oppnausting av trådar i siste episode avrundar serien overraskande fint.
Eventyrpreget er også ein nøkkel på The Geek Whisperer (geekwhisperin.wordpress.com). Omtalen likar at serien aldri prøver å vere realistisk, og at mørke kjensler kan få plass utan å gjere han deprimerande. Han meiner det tek litt tid før Emerson og Olive får utvikle seg skikkeleg. Eg er særleg oppteken av språket og utsjånaden, men dette minner om kor mykje dei levande figurane betyr for at det komisk morbide skal halde.
