Sær hovudstraumsserie kan stå som merkelapp på Pushing Daisies, ser eg bort i frå to korte sesongar som levetid. Ein lys og lystig stil, der det fargeklare visuelle elegant blir løfta ekstra opp av det mest poetiske språket eg har sett utanfor epokedrama basert på William Shakespeare.
At det handlar om døden er berre ein av fleire trekk som gir den ledige atmosfæren i og rundt paikaféen til gjenopplivar-Ned djupne. Bryan Fuller har sansen for det komisk morbide og hentar fram heile arsenalet her. Ei kjapp oppnausting av trådar i siste episode avrundar serien overraskande fint.