
Queen Charlotte: A Bridgerton Story
Queen Charlotte: A Bridgerton Story er ein forløpar til Netflix-serien Bridgerton. Han handlar i hovudsak om dronninga. Om hennar første tid som dronning, og litt om notida og arvesituasjonen.
Eg tykker serien fungerer god på eigne bein, men som sjåar av Bridgerton aldri vere heilt sikker.
Cristina Escobar meiner òg at historia har nok å by på åleine på RogerEbert.com (rogerebert.com). Ho trekker fram Charlotte som ein tydeleg hovudfigur og rosar den medkjensla serien viser George sine psykiske vanskar. Samstundes synest ho handlinga med dei eldre figurane er mindre nødvendig. Eg opplever heilskapen som ei passe lang utviding, men omtalen hennar viser godt kva som gjer dette til meir enn eit gjensyn med eit kjent univers.
Karakterane er gode og dramaet er engasjerande. Mykje godt skodespel frå både nye og gamle ansikt bidreg til kvaliteten.
Seks episodar er også ei passe lengde. Kor historia får akkurat nok tid til å utfalde seg, utan å bli for lang.
Sidan serien er sopass god som han er, så opplever eg dette som eit godt innslag og ei fin første utviding av Bridgerton-universet. Heller enn berre innhald for skulda til å fylle opp Netflix-biblioteket.
