Queen Charlotte: A Bridgerton Story - Filmdagbok

Queen Charlotte: A Bridgerton Story 2023

Queen Charlotte: A Bridgerton Story er ein forløpar til Netflix-serien Bridgerton. Han handlar i hovudsak om dronninga. Om hennar første tid som dronning, og litt om notida og arvesituasjonen.

Eg tykkjer serien fungerer god på eigne bein, men som sjåar av Bridgerton aldri vere heilt sikker.

Karakterane er gode og dramaet er engasjerande. Mykje godt skodespel frå både nye og gamle ansikt bidreg til kvaliteten.

Seks episodar er også ei passe lengde. Kor historia får akkurat nok tid til å utfalde seg, utan å bli for lang.

Sidan serien er sopass god som han er, så opplever eg dette som eit godt innslag og ei fin første utviding av Bridgerton-universet. Heller enn berre innhald for skulda til å fylle opp Netflix-biblioteket.