
Rabu Hina
Rabu Hina, eller Love Hina, er ein japansk animeserie. Serien handlar om Keitaro Urashima som prøver å finne ei jente han gav eit løfte som barn, eit løfte om å få studieplass på Tokyo University.
Men denne fyren har ikkje bestått opptaksprøven som må til. Foreldra vil ikkje ha han heime lenger, og han flyttar inn hjå bestemora som driv eit bukompleks med berre jenter.
Dette er nesten utelukkande ein serie som består av fan fiction, innslag som stort sett appellerer til ei eller anna form for fantasi. Det er ein uskyldig serie på sett og vis, men handlar like fullt om ein fyr i et hus stappfullt av pene jenter.
Som så mykje anime eg har sett er dette interessant til eit visst punkt, men endar opp med å dryge etter kvart.
Craig Lotter på Craig Lotter Writes (craiglotter.wordpress.com) tek vare på den gamle entusiasmen sin i ein omtale der han rosar romantikken og komikken. Men i merknaden til slutt fortel han at eit seinare gjensyn fungerte dårlegare. Det er eit interessant tillegg til mi eiga dalande interesse. Ein serie kan verke uimotståeleg når ein først møter personane, utan at dei laust samanknytte historiene held like godt når me har blitt meir van med typen anime.
