Hopp til hovedinnhold
Plakat for Red Dwarf (2010)

Red Dwarf

Serie
2

Den amerikanske versjonen av Red Dwarf blei aldri noko meir av enn to dårlege forsøk på ein pilotepisode. Forsøka blei laga i 1992. Den første piloten varer rundt 25 minuttar. Den andre er ein kort presentasjon av kva serien kunne ha blitt.

Den første pilotepisoden er bygd opp som ein fullstendig episode. Me blir fortalt historia om korleis Dave Lister (Craig Bierko) hamna i situasjonen som resulterte i at han blei det einaste overlevande mennesket tre millionar år inn i framtida. Og roboten Kryten (Robert Llewellyn), spelt av den same skodespelaren som i den britiske serien, er med.

Den andre og korte episoden er stykka opp i kortare og fråskilte delar som skal gi ein smakebit på kva dette kunne ha blitt. Men han endar opp med å bli dårlegare enn den første. Om han skulle stå på eigne bein, eller vere eit supplement, veit eg ikkje. Katteskapningen har derimot fått ein ny skodespelar.

Britiske Red Dwarf er noko eige, og ikkje eit snev av det blir fanga opp i denne amerikanske versjonen. Det meste av humoren bommar solid. Vitsane er ikkje morosame, men latterboksen blir brukt godt. Nøyaktig kva som feilar la eg ikkje for mykje i å tenke meg fram til, då eg mest var innstilt på at dette var ein kuriositet, og sidan eg allereie var førebudd på at det kunne vere dårleg.

Lee Thacker på Set The Tape (setthetape.com) ser meir potensial i dei to forsøka. Han meiner det finst noko lovande her, og at ein amerikansk serie kunne fungert utan å kopiere den britiske heilt. Eg får ikkje den same trua på prosjektet. At ein ny versjon kan vere annleis, er greitt. Men humoren må framleis treffe, og det gjer han sjeldan for meg her.