Red Dwarf - Filmdagbok

Red Dwarf 2010

Den amerikanske versjonen av Red Dwarf blei aldri noko meir av enn to dårlege forsøk på ein pilotepisode. Den første på 25 minuttar. Den andre på 10 minuttar.

Den første pilotepisoden er bygd opp som ein fullstendig episode. Me blir fortalt historia om korleis Dave Lister hamna i situasjonen som resulterte i at han blei det einaste overlande menneske tre millionar år inn i framtida. Og roboten Kryten, spelt av den same skodespelaren som i den britiske serien, er med.

Den andre og korte episoden er stykka opp i kortare og fråskilte deler som skal gi ein smakebit på kva dette kunne ha blitt. Men han endar opp med å blir dårlegare enn den første. Om han skulle stå på eigne bein, eller vere eit supplement, har eg ingen anelse om. Kryten er derimot utelatt og katteskapningen har blitt bytt ut.

Britiske Red Dwarf er noko eige, og ikkje eit snev av det blir fanga opp i denne amerikanske versjonen. Det meste av humor bommar solid. Vitsane er ikkje morosame, men latterboksen blir brukt godt. Nøyaktig kva som feilar la eg ikkje for mykje i å tenke meg fram til, då eg mest var innstilt på at dette var ein kuriositet, og sidan eg allereie var førebudd på at det kunne vere dårleg.