Hopp til hovedinnhold
Plakat for Red Eye (2024)

Red Eye

Serie
4

Red Eye handlar om nokre som blir dregne inn i ein internasjonal hemmeleg konflikt mellom store etterretningsorganisasjonar. Historia utspelar seg om bord på eit fly som reiser frå London til Beijing. Det blir mykje dramatikk og spenning. Handlinga følger også eit komplott om bygging av kjernekraftverk og hemmelege tenester frå ulike nasjonar.

Serien er underhaldande. Det er ikkje akkurat hyperrealistisk, men det er ein del av sjarmen med denne typen thrillerar. Red Eye bygge på mykje spenning og nokre interessante vendingar. God underhaldning.

For første sesong peikar Louisa Mellor hjå Den of Geek (denofgeek.com) på at serien faktisk blir strammare etter kvart. Ho tykker opninga er noko tullete, men rosar tempoet og korleis trådane blir samla i finalen. Det er mykje av den same sjarmen eg finn her. Vendingane kjem tett nok til å halde meg engasjert, sjølv om personane og dialogen ikkje alltid er særleg nyanserte.

Andre sesong hadde eg ikkje høge forventingar til. Men han gjer på sitt vis si eiga greie, og heng ikkje nemneverdig saman med første sesong. Det gjer at eg kan starte med blanke ark, bli engasjert i ei ny historie, og tykker at det heile blir rett så spennande.