
Rick and Morty
Animasjonsserien Rick and Morty frå Adult Swim ligg i skrivande stund på tolvte plass på IMDb Top 250 TV. No er det mange animasjonsseriar på den lista, som eg strengt tatt ikkje tenker meg å sjå, men med Rick and Morty gav eg nokon videoklipp ein sjanse, og bestemte meg fort for å prøve ut heile serien.
Det tok ikkje mange minuttane før dette fall i smak. Serien har eit høgt tempo og fnys av klisjear, sparkar til forventingar og gjer si eiga greie.
Hovudpersonane i serien er ein usmakeleg vitskapsmann og bestefar, og ein idiot av eit barnebarn. Bestefaren lyg, drikk og drar barnebarnet ut av skulen og med seg på tvers av dimensjonar.
Eit banalt eksempel på korleis serien gjer narr av sjangerkonvensjonar er å kalle vesen for Birdperson, Scroopy Noopers og Gromflomites.
Reint bortsett frå sitt røffe og fargerike ytre, er Rick and Morty ein ganske vanleg science fiction-serie av typen med episodiske historier, som refererer til mykje anna arbeid. Spora etter The Twilight Zone sjåast i opningssekvensen. Ein episode handlar delvis om Titanic, mens ein annan har ein karakter som heter Gazorpazorpfield. Eg er vanlegvis ikkje så stor fan av referansehumor, men tykker at Rick and Morty held seg innanfor i sin noko avgrensande bruk.
Under det grove ytre finn Ryan på Muse with Me (musewithmeblog.com) òg noko meir enn gode sjangervitsar. Han meiner første sesong fungerer fordi Rick av og til viser omsorg, sjølv om han prøver å framstå som kald og logisk. Morty blir både imponert og skremd av eventyra. Det er ei fin utfylling av det eg likar ved serien. Det ville ha vore langt mindre interessant om alt berre var hån og sprø påfunn.
Elles vil eg også nemna at musikken er herleg, og er med på å heve heile inntrykket mitt av dette som ein gjennomført og gjennomtenkt serie.
