Riget - Filmdagbok

Riget 1994

Og plutseleg var ikkje Lars von Trier djevelen lengre. Han har vel kanskje aldri vore det heller, men eg har uansett ikkje likt fyren på grunn av dogmefilmane hans. Dei gjer meg ille til mote berre ved å tenke på dei. Eg står over ei forklaring for ikkje å la det gå ut over poenga mine med Riget.

For å byrje med det tekniske her, så er det nok ein del eksperimentelle forsøk ute å går i Riget og, med handhelde kamera og naturleg lys. Fargane har tvers over eit raudt skjer som er med på å skape ei stemning som står til historia om det overnaturlege som skjer på det danske Rikshospitalet. Dette er ein serie om spøkelse og anna mystikk på ein av sjukehuset sine avdelingar, der me møter ei blanding av komiske danske legar samt ein misantropisk, arrogant, svensk kirurg. Han er ein person som er lett å like.

Fire episodar på ein time er første sesong eller første del. Desse første fire har gitt meirsmak og er absolutt gledeleg underhalding både som humor og som mystikk og skrekk.

I løpet av dei fire episodane i det som er Riget II eller andre sesong, blir me drege djupare inn i dei rare omstenda på det danske Rikshospitalet.

På kalenderen var det tre år mellom siste episode i første Riget og Riget II. Men i historia har det gått knappe to veker sidan me sa farvel med den tidvis uorganiserte avdelinga på sjukehuset. Tråden blir plukka opp og gangen i handlinga held fram frå første del. Og når eg ikkje skal røpe noko av det som har skjedd der, så blir det vanskeleg å utdjupe spesielt mykje. Noko som det ikkje er tvil om er at historia tar hardare steg inn på det okkulte.

Eg har vel blitt litt frelst, og kjenner meir engasjement i dette enn berre å tenke på det som tidsfordriv. Her blir det gitt for lite innsikt i overtru, djeveldyrking og spøkelser, i eit miljø sett til eit bygg som også byr på ypparste høgteknologi. Viss det derimot er i tvil om at eg også har blitt underhalda, så kan eg trygt sei at det nok var humoren og mystikken som først og fremst trakk meg inn i serien etter første episode. Og eit par solide anbefalingar av andre nettskribentar om film.