
R.I.P. Henry
Odda er staden kor R.I.P. Henry er lagt til. Ein liten by på Vestlandet som har vore godt synleg på film og i serie, med Mortal og Ragnarok, begge frå 2020.
Men R.I.P. Henry går dei to andre produksjonane ein høg gang i å klare å utnytte og framstille staden Odda. Og få han til å gi meining som val av lokasjon. Mykje på grunn av rolla til sjukehuset.
Serien handlar om innflyttaren og legen Henry, som i korte trekk oppdagar at han ikkje er heilt frisk, og som gjer nokre dryge val i livet som følger. Eg vil ikkje gå for mykje inn i historia her, då det å følge forløpet og oppdage ting sjølv er viktig.
Henry er ein småtypisk sjølvgod dritsekk, men folk ser ut til å like han godt nok likevel. Heldigvis er han ikkje for typisk. Serien bygger opp historia hans på godt vis, og han har sine nyansar i personlegdomen som gjer at me unngår reprise av tidlegare kjente serielegar og liknande.
Eric Diedrichs på Filmtopp (filmtopp.se) finn den arrogante legen meir velbrukt enn eg gjer. Omtalen er basert på dei to første episodane og meiner humoren sjeldan treff, men rosar kjemien mellom Mads Ousdal og Julie Agnete Vang. Eg finn fleire nyansar i Henry etter kvart. Likevel deler eg noko av kjensla av at serien går vidare utan at det alltid skjer nok til å halde interessa oppe.
For min del så fell serien passe greit i smak. Det er mykje bra her, men innimellom er det litt tregt. Det skjer lite nytt i periodar, og R.I.P. Henry då ein serie for å ta opp tida. Det har eg ikkje sansen for. Andre gonger er det også litt vel drygt det som skjer. Terskelen min for å akseptere det dryge har auka med alderen. Før tok eg til meg det meste, men no må motivasjonen verkeleg sitte for at eg skal sette pris på brutale scener.
Eg vil ikkje rå deg til å sjå R.I.P. Henry om du er i tvil etter å ha lese både mitt innlegg og andre skriv, eller sett ein serietrailer. Eg trur denne passar seg best til dein som blir overbevist straks.
