Eg har sett tre sesongar av Riverdale. Og no er eg lei.
Det byrja som ein serie som bygde på eit passe interessant mysterium. Utvilsamt inspirert av stilen og innhaldet i Twin Peaks, var Riverdale innleiingsvis ein serie full av løyndommar og uløyste trådar.
Men det tok ikkje lang tid før serien stakk seg fram frå bak inspirasjonen sin, og avslørte seg sjølv som den svakare ungdomsserien han var. Banalt drama og gjentaking tok større plass. Kjedelege sidehistoriar og usannsynlege hendingar. Og eit påtatt alvor som var like glatt som Sons of Anarchy.
Lenge hadde eg likevel eit slags håp om at serien skulle bli betre. Så i blant såg eg nokre episodar som hadde samla seg opp som usette. Dette holdt eg på med i andre og tredje sesong. Men livet er for kort til å sjå middelmåtige seriar med lange sesongar. Så eg kjem ikkje til å sjå fjerde sesong.