Hopp til hovedinnhold
Plakat for Robin Hood (2025)

Robin Hood

Serie
3

Eg har sett så mange Robin Hood-versjonar at lista byrjar å bli respektabel. Robin Hood, med Jack Patten i hovudrolla og Sean Bean som sheriffen av Nottingham, kom i 2025. Serien består av ti episodar. Eg var nysgjerrig på ein serie som kunne fortelje dette med ein annan hastigheit enn ein film.

Serien handlar om Rob, ein saksar og son til ein skogvoktar. I denne versjonen av Robin Hood er relasjonen til Marian sentral. Det er ikkje berre ei kjærleikshistorie på sida av opprøret. Det er ein motivasjon.

På dette fungerer Robin Hood bra. Serien tek seg òg god tid til å fortelje kvifor folk gjer det dei gjer. Det blir ikkje for mykje i djupna, men det blir tydeleg. Skodespelet er solid. Det er lett å følge med, og historia blir aldri unødvendig kompleks.

Så er det eit men. Framdrifta går i rykk og napp. Nokre episodar har godt driv, andre stagnerer. Eg kjedar meg ikkje, men merkar at det er episodar kor tida går saktare enn ho burde. Ei kjensle av at serien ikkje klarer å halde seg jamn frå start til slutt.

Tempoet er ikkje det einaste som kan bremse denne versjonen. Kaiya Shunyata på RogerEbert.com (rogerebert.com) meiner serien blir mindre engasjerande når dei politiske intrigane tek plass frå fellesskapen rundt Rob. Omtalen er meir kritisk enn eg er, særleg til romantikken, men peikar på eit interessant spørsmål. Kor stort treng dette eventyret eigentleg å vere?

Totalt sett er Robin Hood ein god serie. Det er ikkje mykje å sette fingeren på. Eg har sett både betre og dårlegare versjonar av Robin Hood. Denne er på den positive sida av skalaen. Serien er forresten fornya for ein ny sesong, så historia held fram.