Robot Chicken er ein punktfotograferingsserie med ti minuttar lange episodar, laga av Seth Green, Matthew Senreich og eit omfattande animasjonteam.
Punktfotografering er tidkrevjande arbeid, noko som kjem godt fram i den 15 minuttar lange dokumentaren som følger med første sesong. Den amatøraktige stilen Robot Chicken køyrer er planlagt og produsert nøye gjennom mange trinn.
Så, kva er Robot Chicken eigentleg? Gamle superhelteikon, teikneseriekarakterar og i blant modellerte kjendisar frå amerikansk populærkultur i absurde og små animasjonar som med vilje prøver å gå over streken på det som er akseptert.
Noko av det viktigaste er støtta serien får av portretterte modellar. Sarah Michelle Gellar og Burt Reynolds er to av mange. Dette gir serien ein ekstra dimensjon. Seth Green, kjent frå Austin Powers og Buffy the Vampire Slayer, har eit nettverk det ikkje skal stå på.
Fordelen med desse korte episodane, som kvar består av eit mangfald enkelte sketsjer, er den umiddelbare humoren. Ti minuttar får plass overalt, og er det ein sketsj som ikkje er morosam, så kjem den neste få sekundar etter.
Etter kvart som serien går sin gang blir det ikkje servert noko nytt her. For mange personar, inkludert meg, fungerer det greit at den gode, gamle oppskrifta held det gåande.
Berre eit par stader blir det i overkant av kjensla av gjentaking, der poenget bak vitsane er oppførselen til tidlegare portretterte i ein ny samanheng. Dette er jo svært fornøyeleg når det gjeld Mr. T som er ein evig morosam person, mens med andre blir nærare oppgulp.
Ein liten konklusjon blir så at dette framleis er gøy tidsfordriv, som passar inn når som helst i kvardagen. I ein større samanheng er det mindre nytt, mykje på grunn av at serien ikkje har noko historie å bygge på. Dette trengs ikkje alltid.