Rome - Filmdagbok

Rome 2005

Med røter i historiske kjelder og ein god del dikting på toppen for å gjere det til ei dramahistorie for serieformatet er Rome HBO, BBC og RAI sin storproduksjon av eit samarbeid noko det tok over 100 millionar amerikanske dollar å få i stand.

Første sesong strekk seg over åtte år, og tar for seg livet til Julius Cæsar og familien til ungdommen Octavian. Seinare kjent som den mektige keisaren Augustus. Pluss dei to soldatane og heltane Lucius Vorenus og Titus Pullo. Alt i perioden rundt Julius Cæsar sin kamp for herredømme over Roma.

Rome er ein veldig eksplisitt serie som ikkje skyr framstilling av sex eller vald. Han fekk ein del merksemd på grunn av dette når han kom. At det blir brukt litervis med blod, og ikkje minst at folk spradar rundt nakne, passar i grunn godt til verda me blir utsett for. Ikkje alle kan elske så stille under dyna med bukse på som i sensurerte amerikanske seriar. Men det er heller ikkje til å legge skjul på at dette kan vere eit trekkplaster heller.

Storslått drama med politikk, konspirasjonar, hemn og fiendar som eigentleg er venner, men likevel ikkje er venner, men fiendar. Serien skal ikkje berre ha skryt for å sjå bra ut, for i grunn ligg det eit solid manus som ikkje er redd for å gå andre vegar enn konvensjonelle seriar. Og sjølv var eg heilt med på dette.

Eg tykte nok ikkje at andre sesong når heilt opp til det gode inntrykket eg danna meg av serien i første sesong. Eg skjønner at HBO og BBC ville gi seg etter berre to sesongar, for dette gildet kosta vel for mykje til å halde fram med.

Andre sesong handlar mest om Octavian, og mykje om hans anstrengte forhold til Mark Antony. Dei som har sett første sesong vil skjønne kva det handlar om. Eg tykkjer at sesongen går mest i favør av Mark Antony av dei som spelar bra og er interessante rollefigurar- Deretter kjem Titus Pullo og Luciuis Vorenus. Desse folka står for dei beste delene av episodane.

Ikkje at det betyr all verda, men eg forstod aldri heilt motivasjonen til Octavian, mora var ei snodig dame, men likevel. Eg tykkjer at dei kunne ha bygd opp dette på ein betre måte, eller køyrt endå meir på mystikk. Han stod seg meir ut som surpomp enn som ein framtidig og dyktig herskar. Dyktig som i langvarig, historisk sett. Men dette er jo først og fremst underhaldning. Fiksjon er fiksjon.

Kulisser og miljø og slikt er ganske så herleg. Eit slag midt i sesongen er til å rope hurra for. Det er mykje anna bra også. Eg har nok gitt litt meir pepar enn skryt i dette innlegget, men det er for ikkje å forville meg inn i ei skodde av skryt utan kritikk. Rome er ikkje perfekt, og andre sesong er ikkje fullt så god som første sesong. Men serien er vel verdt å sjå, også over ti år etter at den kom ut.