Hopp til hovedinnhold
Plakat for Running Point (2025)

Running Point

Serie
3

Running Point frå 2025 er ein underhaldande Netflix-komedie som treff godt med ein passe lun humor. Serien går kanskje ikkje djupt ved første augekast, men under overflata er det ei historie som faktisk har litt substans. Om å jobbe vidare trass i motgang.

Formatet er lett å like. Med raske replikkar, fargerike karakterar og situasjonar som balanserer mellom det tull og litt alvor. Humoren sit stort sett greitt. Sjølv om mykje er overtydeleg. Det handlar ikkje berre om å mane til latter, men også å vise korleis folk handterer press, endring og forventningar. Men serien er absolutt ikkje pretensiøs.

Tina Burke på Mamamia (mamamia.com.au) måtte litt djupare inn i serien før ho blei overtydd. Ho fann starten stiv og overforklart, men meiner at replikkane og kjemien mellom skodespelarane etter kvart fell på plass. Det er ein nyttig nyanse til den lette underhaldninga eg fekk ut av serien. Han treng ikkje vere djup eller nyskapande når menneska og humoren fungerer godt nok saman.

Running Point er ikkje ein serie som prøver å vere noko prisvinnar, men han veit godt kva han er, som er enkel humor. Ein kurant serie som det er lett å sjå.